Nyheitsarkiv

Kulturpris - stipend

Kredinor Møre og Romsdal deler årleg ut ein pris til personar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg med godt arbeid for barn og ungdom. Prisen kan også delast ut til talent som har utmerka seg - då som stipend. Prisen består av diplom, plakett og 50.000 kr

Norddal kommune har høve til å foreslå kandidatar. Har du forslag til nokon som fortener prisen, så ta kontakt med kultursjef Aud Lindis Ødegaard, epost auod@norddal.kommune.no innan 22. oktober. Forslaget må grunngjevast.