Saman med arbeidsgruppa for regionelt samarbeid på kulturfeltet, inviterer Sunnmøre regionråd til kurs der målet er å sikre finansiering av lokale tiltak. Det er to kurs:
1. Innføringskurs om tilskuddsordninger
2. Praktisk kurs i søknadsskriving.
Du treng ikkje melde deg på begge kursa.
Kursa blir arrangert både på dagtid og på kveldstid.
Dagtid for kommunar og tilsette innan barnehage, skule, kultur, helse- og omsorg, frivilligsentral, folkehelse, flyktning, tekniske tenester m.m. (kr 1000)
Kveldstid for frivillig sektor og ressurspersonar i frivillige lag og organisasjonar, velforeiningar, folkevalde, lokale eldsjeler og andre interesserte. (kr 200)
Meir informasjon og påmelding på Sunnmøre regionråd sine sider.
NB! Påmeldingsfrist 31. august. Avgrensa antal plassar.
Dette kurset hadde vi i Norddal kommune i oktober 2011, og då var det god deltaking. Kanskje er her nokon som ikkje hadde høve til å delta då, eller som ønskjer oppfrisking?