Nyheitsarkiv

Lyst på vaflar og kaffi?

Kraftsenteret/frivilligsentralen er ope att etter sommarferien. Tysdag, torsdag og fredag kl 1100-1530 er det sal av kaffi og vaflar. Kvar fredag kan du kjøpe lunsj her. Alle er velkomne innom!

Det er tilbod om å delta på ulike aktivitetar på dagtid.
Frukostgruppe, stoltrim, stavgang, seniortreff, foreldretreff, handarbeidstreff og lett tur. Kom innom så får du eiga brosjyre med oppsett over tidspunkt.

Tjukkasgjengen går tur kvar onsdag kl. 18 frå Sylte kai.
Gruppa ”Arbeid & Aktivitet ” lagar og sel lunsj kvar fredag.

Lag og organisasjonar kan nytte Kraftsenteret til møteverksemd.
Tinging av utlån og henting av nøklar skjer gjennom servictorget eller hos leiar på Kraftsenteret.
Har du spørsmål, ta kontakt.
Tlf. 95 47 28 43 – 70 25 88 00
e-post: frivillig@norddal.kommune.no

Det er plass til deg. Velkomen til Kraftsententeret!