Nyheitsarkiv

Nasjonalt legevaktnr. frå 1. sept. - ring 116117

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp. Frå 1. september skal du ringe 116117 når du skal kontakte legevakta. Er det ein akutt situasjon og det står om liv, ring 113. 

Grunnen til at det no vert eit landsdekkande legevaktnummer, er mellom anna at det er lettare å hugse og enklare å halde seg til når ein reiser eller flyttar.


Nummeret fungerar både frå  fasttelefon og mobil, og er gratis.

Dei  gamle nummera til legevaktsentralane vil fungere som før.

 

Kven skal du ringje - omtale

 

Sist endra 31.08.2015
Hovudside (2)