Nyheitsarkiv

Norddal årets fotballkommune

Klikk for stort bileteårets fotballkommune.JPGPå fotballgallen til Sunnmøre Fotballkrets fredag vart Norddal kåra til årets fotballkommune. Mange aktive barn og unge i forhold til folketal, og realisering av kunstgrasbane i Eidsdal vart nemnt som grunngjeving.

Fungerande ordførar Per Magnus Berdal var til stades under overrekkinga. Han vil nytte høvet til å takke for den store frivillige innsatsen som blir lagt ned i det frivillige arbeidet i kommunen.