Nyheitsarkiv

Nordre Sunnmøre Ungdomskonferanse 2013

Fredag 1. november er det klart for Nordre Sunnmøre Ungdomskonferanse på Storfjord Kulturhus på Stranda. Ungdomsråd frå 11 kommunar på Sunnmøre er invitert, og ungdomsrådet i Norddal er ein av arrangørane.

Det er ungdomsråda i Norddal, Stordal og Stranda som inviterer til konferansen. Nordre Sunnmøre Ungdomskonferanse (NSUK) blir arrangert for tredje gong. I 2010 var konferansen på Skodje og i 2011 var konferansen i Ålesund. I 2012 var det ikkje konferanse.

Tema for konferansen er ungdomsengasjement og førebuing til Ungdommens fylkesting (UFT). UFT skal vere i Surnadal 8.-10. november. Meir informasjon om UFT finn de her. Berre to ungdommar frå kvar kommune får reise på UFT, men alle medlemmar i ungdomsråda er invitert til å vere med på NSUK.

Program

  • Kvifor skal ungdom engasjere seg, ved rådmann Per Ivar Lied, Stranda
  • Om Ungdomspanelet (UP) og UFT, ved Anne Berit S. Halle, koordinator UP Møre og Romsdal
  • diskusjon og gruppearbeid om saker til UFT

På slutten av dagen er ordførar/varaordførar frå kommunane på Nordre Sunnmøre invitert til debatt med tema kommunesamanslåing, og vi håper at representantar for alle kommunane kan møte!

Invitasjonen kan du lese her.