Nyheitsarkiv

Ny lege på plass

Klikk for stort bileteSåmund Botnen er no på plass som lege på legekontoret i Valldal. Han har flytta til Fjørå saman med Marianne Skuseth, og sine to små barn. Marianne skal også skal arbeide som lege, men er no heime i fødselspermisjon med minstemann.

Såmund kjem frå Bø i Telemark, og Marianne er frå Hessa. Begge er glade i friluftsliv, og alt ligg difor til rette for at dei skal trivast her i lag med oss.

Vi ønskjer dei velkomne til oss.