Nyheitsarkiv

Nytt ungdomsråd på plass

Ungdomsrådet 2015-2016 med vara - Klikk for stort bilete Det nye ungdomsrådet i Norddal hadde samling på Kulå fredag 30. oktober i lag med vararepresentanane for å bli betre kjent.

Ordførar Arne Sandnes var til stades og presenterte seg for ungdomane. Han orienterte også om kommunereformarbeidet som pågår.

 

Næringssjef Toralv Klokkehaug orienterte om arbeidet med Strategisk næringsplan, og at ungdom er ei viktig målgruppe i dette arbeidet.

 

Ungdomsrådet gjorde også sitt første vedtak, og løyvde 14.000 kr til Innovasjonscamp 2015.

 

Deretter var det pizza og bowling og uformelt samvær.

 

Her ser du kven som set i ungdomsrådet, og kven som er vara

Sist endra 02.11.2015