Nyheitsarkiv

Opning av frisklivssentral 22. september

Klikk for stort bileteIMG_3371.JPG Opninga blei markert på rådhusmarka måndag 22. september. Ordførar Per Magnus Berdal opna med å klippe snora mellom to gåstavar. Så deltok representantar frå politikarane, Muritunet, open omsorg, Syltebøen barnehage og rådhuset i ein uhøgtidleg stafett, med barnehagen som heiagjeng. Frisklivssentralen er eit helsetilbod til deg som treng hjelp og motivasjon til å endre levevanar, og gir tilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Målet er betre helse og auka livskvalitet.

 

Det var full innsats og mykje løye i stafetten, som inneheld både stavgang, ballongblåsing, balansering på linje, hoppetau og kasting på blink med erteposar. Etterpå var det nøtter, frukt og grønt til deltakarane og publikum. Vi takkar Syltebøen barnehage og andre som møtte opp for å heie fram deltakarane.

Klikk for stort bileteIMG_3398.JPG

Klikk for stort bileteIMG_3379.JPG

Klikk for stort bileteIMG_3384.JPG

Klikk for stort bileteIMG_3362.JPG

Klikk for stort bileteIMG_3401.JPG

 

 

 

Frisklivssentralen er eit tilbod spesielt eigna for deg som har, eller har risiko for, å utvikle livstilssjukdom. Døme på dette er overvekt, metabolsk syndrom, diabetes type 2, hjarte- og karsjukdom, KOLS og psykiske plager. Du treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å ta kontakt med frisklivssentralen, men du må ha ein frisklivsresept.

Kvar kan du få frisklivsresept?

Tilvising til frisklivssentralen kan du få hos lege, anna helsepersonell (fysioterapeut, psykisk helsearbeidar) eller NAV. Frisklivssentralen kan også skrive ut resept om du tek direkte kontakt.

 

Kva skjer når du har fått resept?

Du leverer resepten på ekspedisjonen på legekontoret, og du blir deretter kontakta av frisklivsrettleiar.

Helsesamtale 1: Vi ser på no-situasjonen, set opp konkrete frisklivsmål og lagar ein plan for perioden. Helsesamtale 2: Etter 16 veker tek vi ein ny samtale der vi oppsummerer reseptperioden og legg ein plan som du kan følgje vidare på eiga hand.

Kva?

Frisklivssentralen har eit basistilbod:

  • To individuelle helsesamtalar
  • 16 veker aktiv oppfølgjing
  • Fysisk aktivitet ute og inne i gruppe (vekeplan)
  • Ulike fysiske testar og mål
  • Bra Mat for betre helse – kurs.
  • Røykeslutt – kurs og individuell rettleiing

Basistilbodet har ein eigenandel på kr 300. Kurs kjem i tillegg.

I frisklivssentralen får du hjelp til å finne eigen motivasjon til varig endring og støtte til å gå vidare på eiga hand. Etterpå kan du nytte deg av andre tilbod i lokalmiljøet for å halde fram med sunne levevanar.

 

 

Kontaktinformasjon:

Frisklivssentralen i Norddal

Storfjord Helsesenter, Valldal

 

Telefon: 70258900 (legekontoret)

Frisklivsrettleiar: Tina Fuglem, tlf 97159268

E-post: frisklivssentralen@norddal.kommune.no

Du kan også kontakte folkehelsekoordinator, tlf 70258836

 

Informasjonsbrosjyra finn du her.