Nyheitsarkiv

Opningsfest for sansehagen

Paviljongen - Klikk for stort bilete Måndag 10. september var det opningsfest for sansehagen i Valldal. Ei arbeidsgruppe av frivillige har lagt ned ein stor innsats for å gjere området triveleg for bebuarar og andre.

Det vart stort oppmøte, gode kaker og fint ver. Høgtidleg snorklipping, talar og gode ord til dugnadsfolka gjorde dette til ei fin stund.

Området har no fått ei betydeleg oppgradering med planter, benkar og ein ny, flott paviljong. Her skal det bli mange kjekke stunder framover.