Nyheitsarkiv

Ordførarens tur til klostertomta

Klikk for stort bilete Torsdag 15. august går vekas tur i Fjord kommune til klostertomta på Syltefjellet. Oppmøte på Ytterli kl 1800.

Ordførar Arne Sandnes tek oss med på ein tur til klostertomta som ligg høgt over Sylte, sentrum i Valldal. Vi startar frå Ytterli (400 moh.), og går forbi gardane og gjennom skogen til utsiktpunktet Kamben. Derifrå har munkar bygt fin trapp og sti ned til tomta der grunnsteinen for klosteret er nedlagt. Tomta ligg høgt og fritt og luftig til, rett over den markerte Sylteormen som Heilag-Olav ifølgje Snorres kongesoger kasta opp i fjellet då han kom siglande til bygda i 1028. Heilag-Olav si ferd gjennom Valldal er også avgjerande for plasseringa av det ortodokse klosteret, som no held til på Ruset i Fjørå..

Lett tur, 1-2 timar. Oppmøte og parkering på Ytterli i Fjørå kl 1800. Det er begrensa med parkeringsplassar så køyr gjerne fleire i same bil, alternativt parkering ved ungdomshuset ved fjorden og samkøyring derifrå kl 1745.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 


Neste vekas tur går til Hegguraksla i Fjørå måndag 19. august. Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1800.

Torsdag 22. august går turen til Møllsvatnet i Eidsdal /Geiranger torsdag 22. august.

Oppmøte på parkeringsplassen på Korsmyra på Ørnevegen kl 1800.
 

Laurdag 14. september inviterer vi til fellestur frå Stordal til Valldal.

Bli med på markeringa av at vi no går mot Fjord kommune. Eva Hove og Per Magnus Berdal er turleiarar.

Oppmøte på Langsetrane kl 10. Turen tek 5-6 timar.
Det blir organisert skyss tilbake for å hente bilane.