Nyheitsarkiv

Overgang til elektronisk søknad - avløysing ved sjukdom og fødsel i jordbruket

Ku - Klikk for stort bilete

15.august startar vi opp med elektronisk søknad i ordninga Avløysing ved sjukdom og fødsel mv i jordbruket. Det vil fortsatt vere muleg å levere papirskjema i stund framover, men etter kvart blir ordninga fullelektronisk. I første versjon av registrerngsprogrammet vil det ikkje vere muleg for kommunen å registrere papirsøknadar, først etter ei oppdatering i slutten av september er dette muleg.

Planlegg du å søkje i august er det lurt å registrere søknaden elektronisk slik at saksbehandlingstida ikkje blir for lang.

Målet for Landbruksdirektoratet er å lage systemet så godt og sjølvforklarande at opplæring ikkje er nødvendig for å kunne ta det i bruk.

Les om ordninga på Landbruksdirektoratet

Har du spørsmål ta kontakt med kommunen.