Nyheitsarkiv

Produksjonstilskot

Hestar - Klikk for stort bilete  Delt 2 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket kan leverast frå og med 1. oktober, som er telledato. Søknadsfristen er 15. oktober 2017.

Søknad skal leverast elektronisk via Altinn, ein kan ikkje lenger søkje på papir.

Grunna ein sentral feil mellom Statens kartverk og Landbruksregisteret er det svært mange som får ei feilmelding når ein skal søkje om tilskot til areal. Arealet i Landbruksregisteret på grunneigedommen er 0. Ta kontakt  med saksbehandlar i Norddal kommune om du har problem med å søkje, vi rettar opp tala i Landbruksregisteret manuelt.

Både føretak som driv husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søkje om tilskott i oktober.

Du kan søkje om:

- Tilskott til avløysing ved ferie og fritid for 2017- tilskott til husdyr (untatt ammegjeit og sau) 

- Tilskott til økologisk areal og husdyrproduksjon

- Tilskott til bevaringsverdige husdyrrasar

- Distriktstilskot for frukt, bar og veksthusgrønsaker

- Areal- og kulturlandskapstilskott

- Tilskott til dyr på beite

- Tilskott til dyr på utmarksbeite

- Driftstilskott til mjølkeproduksjon

- Driftstilskott til spesialisert storfekjøttproduksjon

 

I tillegg ligg antal dyr du registrerer til grunn for maksimalt avløysartilskott og tilskott til grovforareal.

 

Informasjonsskriv og veiledingshefte

Nytt søknadssysten i 2017

Ofte stilte spørsmål

Sist endra 13.10.2017