Nyheitsarkiv

Rassikringsarbeid Fv 92 - oppdatering for fredag 7. desember

I morgon,  fredag 7. desember, vert det ikkje utført rassikringsarbeid på Fv92. Det vert fri ferdsel på vegen heile dagen. Vegen er open frå kl. 15 i dag 6. desember.  Arbeidet startar opp att måndag morgon 10. desember, med dei opningstider som står i planen.

Arbeidet er venta å bli heilt ferdig i løpet av veke 50.

Vegen blir periodevis stengt i vekedagane etter følgjande plan:

Kl. 08.15 – 11.30
Kl. 12.00 – 14.15
Kl. 16.30 – 19.00