Nyheitsarkiv

Redusert bemanning ved legekontoret

Frå fredag 04.01.2019 vil det vere redusert bemanning hjå helsesekretærane på desse dagane: mandagar, tysdagar og onsdagar.  Vi ber om forståing for at det kan bli ventetid både i luke, på telefon og på utføring av ulike laboratorieprøvar.

Torsdagar og fredagar er kontoret bemanna med to helsesekretærar, då vi er så heldige og få leige inn helsesekretær Danita Music som arbeider ved Stordal legekontor. Det vil  bli prioritert å sette opp pasientar for blodprøvetaking på desse dagane.

Vi oppmodar og om at de nyttar  HelseRespons for timebestilling og reseptbestilling.

Då kontaktar de oss via SMS på fylgjande måte:

1.       Start tekstmelding med «NORDDAL»

2.       Skriv fødselsdato, namn og eventuelt anna (NB. Her skal det ikkje skrivast sensitive opplysningar)

3.       Send til telefonnummer 2097           

                                                                                                                  

Takk for forståing.