Nyheitsarkiv

Reguleringsplan Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge reguleringsplankart, føresegner og planomtale dagsett 2.12.2013 ut til offentleg høyring i 6 veker. (Varsla endring i plankartet:  køyreveg KV3 vert ført heilt til moloen)

 

Målet med planarbeidet er å omregulere for å samsvare meir med etablert bruk:  frå friområde til campingplass, småbåthamn og utandørs bad med tilhøyrande tilkomst og parkering.

Planframlegget (PDF, 5 MB), plankart (PDF, 505 kB) og føresegner (PDF, 24 kB) finn du på linkane.

Merknadar må vere skriftlege, og vert å sende Norddal kommune, Pb 144, 6211 Valldal eller post@norddal.kommune.no.  Merknadsfrist: 10.2.2014