Nyheitsarkiv

Resirkuler og redd regnskogen

Logo Regnskogfondet - Klikk for stort bilete

 I samband med TV-aksjonen 2015 har ÅRIM i samarbeid med Elretur starta ein kampanje:

For kvar kilo elektrisk og elektronisk avfall innbyggjarane i ÅRIM leverer på miljøstasjonane frå måndag 12. til laurdag 17. oktober, gir vi to kroner til TV-aksjonen.

Resirkuler og redd regnskogen - Klikk for stort bilete

Miljøstasjonen i Djupøyna er open torsdag 1200 - 1800. Innbyggjarane på sørsida kan tinge henting på www.arim.no.

 

Meir informasjon om TV-aksjonen finn de på www.blimed.no

Resirkuler og redd regnskogen!

Din mobiltelefon er avhengig av mange sjeldne metall for å virke. Metalla kjem frå gruver i regnskogen, som er i stor fare. Dette angår også oss på Sunnmøre. Når du leverer din gamle telefon til miljøselskapet ÅRIM, sørgar dei for at alt som kan gjenvinnast blir gjenvunne.

  •           Smarttelefonane våre er full av sjeldne metall. Når du leverer gamle radioar, lyspærer og telefonar, bruker vi metalla på ny i staden for at det må utvinnast nytt metall frå regnskogen, seier Øystein Solevåg dagleg leiar i ÅRIM.
  •           Vår aukande etterspørsel etter elektronikk er ein av dei største grunnane til at regnskogen blir hogd ned.

TV-aksjonen  får pengar for det elektroniske avfallet du leverer til ÅRIM sine miljøstasjonar i perioden 12.-17. oktober. For kvar kilo elektrisk avfall du leverer, får TV-aksjonen ei krone frå Elretur og ei krone frå ÅRIM.

  •           Vi seier at dine elektriske artiklar er dei nye gruvene. Difor er det så viktig at du leverer alle gamle elektriske gjenstandar til oss, ikkje i restavfallsdunken. Avfallet er fullt av viktige ressursar.

Øystein Solevåg arbeider for årets TV-aksjon, både fordi han er svært miljøengasjert, og fordi innsamlingsaksjonen er relevant for det daglege arbeidet i ÅRIM.

  •           For meg er samanhengen mellom gjenvinning og å forhindre meir skade på regnskogen heilt klar.
  •           Vi har også tilsette på ein av miljøstasjonane til ÅRIM som kjem frå regnskogen. At denne aksjonen angår oss alle, blir difor ekstra tydeleg for oss, seier Solevåg

Årets TV-aksjon er søndag 18. oktober og går til Regnskogsfondet. ÅRIM oppfordrar alle til å levere mest mogleg elektrisk og elektronisk avfall i dagane som kjem, og minner om å hugse miljøstasjonkortet sitt. Opningstider finn du på www.arim.no

Sist endra 09.10.2015

Kontakt

Telefon :
70 25 88 54
Bunnhjørne
Skjema (1)
Artikkel (1)
Avgifter (1)