Nyheitsarkiv

Sikringsarbeidet i Heggurtunnelen - utsett ferdigstilling

Fv. 92 mellom Fjørå og Tafjord har vore periodevis stengt i tre veker. Arbeidet skulle ferdigstillast torsdag 24. oktober, men av ulike årsaker må ein bruke måndag 28. oktober på å bli ferdige. Same oppsett som tidlegare for opning og stenging blir gjeldande også måndag.