Nyheitsarkiv

Skuleval

Kommunen er delt inn i tre skulekretsar, og born har rett til skuleplass i den kretsen dei tilhøyrer. Retten til skuleplass vert regulert av Opplæringsloven § 8-1.
Tildeling av skuleplass skjer ved innskriving i skulen. Føresette har rett til å søkje bornet inn på den skulen ein ønskjer i kommunen. 

Ønskjer ein å endre skuleplass for ein elev, skal søknad sendast til Norddal kommune, pb 144, 6211 Valldal. Normalt får ein ikkje dekt skuleskyss ved val av skule utanfor skulekretsen.