Nyheitsarkiv

Snart startar Stikk UT!

Klikk for stort bilete Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2019. I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i 2018.
I år håper vi at endå fleire blir med!

Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt.

Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.

For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.

Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske. Stikk ut ein tur då vel!!

Stikk UT!

Norddal har desse StikkUT!-turmåla i 2019: 

  1. Bakkegjerdet frå Eidsdal skule
  2. Bedringens veg
  3. Eggjevatnet
  4. Gamlevegen frå Alstad til Grønning
  5. Illstigvatnet i Storkaldhusdalen
  6. Kilstiheia
  7. Kjellsura i Dale
  8. Middagshesten
  9. Nedre Vassdalsvatnet
  10. Omnossætra
  11. Solskaret
  12. Storsvingen i Tafjord
  13. Tjønnebu
  14. Veibergsetra frå Løvoll
  15. Yttlinakkane frå Hauge

Vi ønskjer dykk ein god, ny tursesong!

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete