Nyheitsarkiv

Søknad om spelemidlar 2020

Klikk for stort bilete Vi minner om at søknadar om spelemidlar må oversendast til Norddal kommune innan 15. november.

Søknadane skal leggjast inn i anleggsregisteret.

Vi oppfordrar lag som har tenkt å søke om spelemidlar til anlegg om å ta kontakt med Norddal kommune så tidleg som mogleg i prosessen, slik at vi er orientert og kan vegleie ved behov.

Søknadane må oversendast Norddal kommune i anleggsregisteret innan 15. november. Dette på grunn av at vi treng tid til kommunal saksbehandling og prioritering i handlingsprogrammet.


Nytt for søknadsrunden i 2020

Det er nye føresegner for tildeling av spelemidlar. Dei nye føresegnene skal gjere det enklare for søkjar. Mellom anna vert kravet om førehandsgodkjenning fjerna for anlegg med byggestart etter 15.06.2019, men kravet til god funksjonalitet er ikkje endra.


Ved spørsmål kontakt folkehelsekoordinator/saksbehandlar for spelemidlar Kristi Linge Stakkestad, tlf 70258800.