Det kan søkjast tilskot til:
Kulturlandskapstiltak
Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Forureiningstiltak
Forskrifta legg tilrette for at tilskot kan gjevast til:
- tiltak som bedrar folk sin tilgang til kulturlandskapet og legg til rette for ferdsel til fots. Aktuelle tiltak kan vere utbedring, etablering, rydding og vedlikehald av stiar og turvegar i jordbruksområde. Merking av ferdselsårer og utarbeiding av enkel informasjon.
- tiltak som ivaretek biologisk mangfald og gammal kulturmark. og som legg tilrette for økt biologisk mangfald.Tiltaka skal bidra til å bevare bestandar og oppretthalde leveområde og spredningsvegar. Legge til rette for plante- og dyrelivet på gamal kulturmark.
- tiltak som ivaretek kulturminner og kulturmiljø i jordbruket sitt kulturlandskap. Dette inkluderer alle former for kulturminner ikkje berre kulturminner og anlegg.
Kven kan søkje ?
- Eigarar av ein landbrukseigedom så lenge det foregår produksjon på eigedommen som gir rett til produksjonstilskot..
- Tiltaket må vere knytt til ein registrert landbrukseigedom
- Dersom søkjar er ein anna enn eigar av landbrukseigedommen må eigar gje løyve til gjennomføring av tiltaket
- Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.
Søknadsfristen for SMIL- midlane i 2018 er torsdag 1. mars.
Søknadsskjema
Vedtekter (PDF, 96 kB)
Meir informasjon om ordninga
Søknaden sendast til:
Norddal kommune
pb. 144, 6211 Valldal
Har du spørsmål kontakt næringsavdelinga på tlf. 97 51 53 19
eller e-post: toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no
Næringsjefen