Nyheitsarkiv

Stikk UT

StikkUT krus 2017.jpg - Klikk for stort bilete Det er no opna for bestilling av årets StikkUT-krus og skål. Alle som har registrert minst sju StikkUT-turar kan bestille. Utlevering på servicetorget i november.

Det er framleis ei god stund att av årets Stikk UT!-sesong, men i år vil vi likevel prøve å starte tidlegare med salet av krus og skåler slik at ventetida blir kortare. Skålene og krusa blir laga spesielt for Stikk UT! og har lang produksjonstid. Vi har derfor tatt sjansen på å bestille eit visst antal hos produsenten på førehand. Om salet blir større enn venta må vi etterbestille. Etterbestilte krus/skåler blir først ferdige i desember/januar.

Prisane er kr. 150 for krus (kr. 100 for barn) og kr. 180 for skål (kr. 130 for barn)

Alle som har registrert minst sju Stikk UT!-turar (seks for barn under 10 år) i løpet av sesongen kan bestille krus, skål eller T-skjorte. Varene kan enten hentast ved sørviskontoret i kommunen der du bur, eller sendast i posten mot eit tillegg i prisen. Husk å huke av for alternativet du ønskjer når du bestiller. Viktig også at du oppgi rett kommune når du bestiller! Krusa og skålene blir leverte i starten av november.

T-skjortene frå Devold som er laga spesielt for Stikk UT! har vi på lager, bortsett frå nokre storleikar som vi er tomme for. Desse T-skjortene er så dyre å produsere at vi kjem ikkje til å få laga fleire av dei.  Prisane er dei same som tidlegare år: Kr. 350 for vaksne og 250 for barn.

Du finn nettbutikken vår her: Nettbutikk 

Vi ønskjer alle ein flott Stikk UT!-sesong vidare!

Beste helsing

Sunnmøre friluftsråd 

Sist endra 21.09.2017