Nyheitsarkiv

Stortingsvalet 2017 - utlegging av manntal

valglogo_300pxl.jpg - Klikk for stort bilete For å kunne røyste ved valet i haust må du stå i manntalet i kommunen.  

Du blir innført i manntalet i den kommunen Folkeregisteret har registrert deg som bosatt per 30. juni i år og dersom du
- er norsk statsborgar
- innan utgangen av 2017 fyller 18 år
- er, eller nokon gong har vore, innført i folkeregisteret som bosatt i Norge
- ikkje har mist stemmeretten etter Grunnloven § 53

 

Har du bodd i utlandet i meir enn 10 år kan du søkje om å få bli innført i manntalet i den kommunen du bodde i på det tidspunktet du flytta ut. Flytter du tilbake til landet etter 10 år, blir du ført inn i manntalet i den kommunen du flytter til.


Søknadsskjema for innføring i manntalet finn du på www.valg.no  sine offisielle sider under manntal.

 

Søknaden eller klage på feil eller manglar sendast til Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal.

 

Manntalet blir lagt ut til gjennomsyn på Servicetorget i Rådhuset frå 12. juli og fram til valdagen 11. september. Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe tlf. 70 25 88 00. Du kan også kontakte oss på e-post: post@norddal.kommune.no .

 

Sist endra 12.07.2017
Artikkel (1)