Nyheitsarkiv

Telefonvarsling

Norddal kommune har tatt i bruk områdebasert system for varsling av befolkning for å informere berørte innbyggarar ved avvik i levering av kommunale tenester. For å nå flest muleg er det viktig at alle innbyggarar og andre abonnentar sjekkar om dei er tilgjengelige for slik varsling. Les meir om ordninga her (PDF, 87 kB).

For å kontrollere telefonnummer:

  1. Gå inn på nettsida varslingstjeneste fra UMS
  2. Vi anbefaler at du brukar datamaskin når du registrerer deg.
  3. Skriv inn berre mobilnummer og motta pin på sms.
  4. Registrer deg og kontroller at eigedomen har korrekte telefonnummer. Du kan ev korrigere (fjerne og legge til) opplysningane. Oppgi fødselsdato for kontroll mot bustad. For adresser i Norddal kan ein førebels kun bruke gards- og bruksnummer på eigedomen (matrikkeladresse.) (Stemmer ikkje di folkeregistrerte adresse, bør du melde flytting.)
  5. Når du har kontrollert opplysningane, trykk «oppdater nummer» og velg «log off» oppe til høgre i bildet før du avsluttar.