Nyheitsarkiv

UKM er open for påmelding

UKM 2016 - Klikk for stort bilete Det er no på tide å melde seg på Ungdommens kulturmønstring. Det blir felles mønstring for Stordal og Norddal i Stordalshallen søndag 18. februar. Påmeldingsfrist er søndag 11. februar.


Påmelding skjer på www.ukm.no

 

Alle mellom 10 og 20 år kan melde seg på, men du må vere 13 år for å bli sendt vidare til fylkesmønstringa.

Meld deg på - her har du ein fin arena til å synleggjere kva du driv på med anten det er idrett, kunst og handverk eller musikk av noko slag. Berre fantasien set grenser. Husk også at dette er ei mønstring og ikkje ein konkurranse.