Nyheitsarkiv

Ulegging av manntal for Stortingsvalet 2013

For å kunne røyste ved valet i haust må du stå i manntalet i kommunen. Manntalet blir lagt ut til gjennomsyn på Servicetorget i Rådhuset frå 12. juli og fram til valdagen 9. september. Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 70 25 88 00. Du kan også kontakte oss på e-post: post@norddal.kommune.no.

Du blir innført i manntalet i den kommunen Folkeregisteret har registrert deg som busett per 30. juni i år og dersom du
- er norsk statsborgar
- innan utgangen av 2013 fyller 18 år
- er, eller nokon gong har vore, innført i folkeregisteret som busett i Norge
- ikkje har mist stemmeretten etter Grunnloven § 53

Har du bodd i utlandet i meir enn 10 år kan du søkje om å få bli innført i manntalet i den kommunen du bodde i på det tidspunktet du flytta ut. Flytter du tilbake til landet etter 10 år, blir du ført inn i manntalet i den kommunen du flytter til.
Søknadsskjema for innføring i manntalet finn du på www.valg.no sine offisielle sider under manntal.

Søknaden eller klage på feil eller manglar sendast til Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal.