Nyheitsarkiv

Vedlikehald av Fv 92 Tafjordbrua

Statens Vegvesen skal utføre mindre vedlikehald/reparasjon av Tafjordbrua. Brua vil vere periodevis stengt på dagtid i tidsrommet 2. oktober til 10. oktober. Klokkeslett for stenging er 08-15 og 17-22. Trafikk og fotgjengarar vil få passere kvar heile time i stengt periode.

Det vil bli sett opp veginfo-skilt ved Tafjordbruka ca. ei veke i forkant. Utrykningskøyretøy kan passere brua ved utrykning i heile perioden.