Nyheitsarkiv

Vekas tur frå Hoel til Rem

Torsdag 4. juli går turen strekninga Hol – Rem etter den gamle stien over Kyrfonna. Turen er på knapt 3 km kvar veg. Turleiar og historieforteljar er Astor Furseth. Oppmøte ved Hoelsfossen Kraftverk kl 1800.

Først går vi bygdevegen gjennom Berli-grenda, vidare inn i skogen langs elva. Dette er eigentleg ein særs gammal ferdselveg, oppmuringane av vegen er ennå å sjå fleire stader. Før 1880 var det neppe bru på Rem, så det var sikkert vanleg gå over Holsbrua og denne traséen fram til Rem.

Vi får eit møte med Berli-grenda, gammel bergverksdrift, heimen til Petter Berli, røykstova på Eriksgarden og anna, og frå stien er det flott utsyn til elva og laksetrappene. På Rem snur vi og går same veg attende.

Det er lite stigning (50 meter). Etter ein del nedbør i det siste kan det framleis vere nokre våte parti.

Turen tek om lag to timar. Turleiar er Astor Furseth.

Oppmøte på parkeringsplassen ved Hoelsfossen kraftverk kl 1800.
Ferje frå Eidsdal kl 1715.

Vel møtt til ei spennande vandring og nyoppdaging av lokalmiljøet.

Neste veke går turen til Blåhornet og Kilstisetra i Eidsdal.

Oversikt over vekas tur 2013 finn du her (DOC, 23 kB).