Nyheitsarkiv

Vekas tur til Daurmålsfjellet 15. august

Bli med til Daurmålsfjellet i Norddal torsdag 15. august. Oppmøte på parkeringsplassen på Hatlestad kl 1800 eller på Rellingsetra kl 1815. Nytt høvet til å bli betre kjent med fjella i kommunen vår. Vel møtt på årets nest siste vekas tur!

Turen startar på Rellingsetra (490 moh.), og allereie der får vi eit flott utsyn framover Dyrdalen og til Storvasshornet. Turen går først etter fin rås i lett terreng, heilt fram til brua som fører oss trygt over elva og mot Innsetsetra. Ei idyllisk seter med mange sel/hytter møter oss, og her kan ein godt vere lenge… Men turen held no fram i litt brattare og skogkledt terreng. Også her følgjer vi ei god rås, men på resten av turen kan det vere greitt å ha vasstette sko. Skogen opnar seg opp når vi nærmar oss Daurmålsfjellet (808 moh.). Der oppe svingar vi mot venstre og kryssar nokre moltemyrar før vi ser fjorden, heile Norddalen og meir til under oss. I motsett retning har vi i godt vêr utsyn mot Torvløysa, Storvatnet og Skorene. Returen går etter same råsa.

Norddal IL har trimpostar både på Innsetsetra og Daurmålsfjellet. På denne turen får du også oppleve to av setrane i Norddal kommune, og det passar fint for dei som har kjøpt seterkortet til Valldal Bygdekvinnelag og skal samle minst 15 setrar i året!

Turen tek om lag tre timar og passar dei fleste.
Turleiar er Magne Engeseth/Norddal IL

Oppmøte på parkeringsplassen på Hatlestad kl 1800, eller på Rellingsetra (NB! bomvveg) kl 1815. Ferje frå Linge kl 1720.

Årets siste vakas tur går til Bispevatnet ved Trollstigen torsdag 22. august.

Vel møtt på tur!