Nyheitsarkiv

Vekas tur til Trollkyrkjebotn torsdag 8. august

Denne dagen går turen til eit særmerkt område i fjella mellom Fjørå og Valldal. Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge (400 moh.) kl 1700. Herifrå vil det bli høve til skyss til Nysetra (750 moh) for dei som ønskjer det. Frå setra er det flott usikt over fjorden og fjella ikring.

Råsa går vidare slakt oppover mot nordaust til 900 moh, der svingar ho mot aust og held høgda innover til Trollkyrkjebotn. I botnen er det knausar og småvatn, og på den spesielle olivinkollen Litlehesten (1087 moh.) finn vi ei flott steinhytte. Det var Sigurd Hjelme frå Valldal som sette opp hytta. Her finn vi også ein av trimpostane til Valldal IL, og det passar fint å ta ein rast her. Turen går same veg tilbake. Det er muleg å halde fram ned til Gudbrandsjuvet eller Heggesetra/Heggen på eiga hand.

Turen går på god, merka rås og tek om lag fire timar. Hugs kle og sko etter veret. Veratterhald, om det blir mykje regn og skodde blir det ikkje tur.

Turleiar er Nelly Ytterli/Valldal IL, tlf 48082103.
Påmelding til skyss (eigenandel) innan onsdag kveld, kontakt turleiar for informasjon.

Vel møtt!


Torsdag 15. august går turen til Daurmålsfjellet (831 moh.) i Norddal.