Nyheitsarkiv

Verdas aktivitetsdag 10. mai

Verdas aktivitetsdag blir markert over heile landet. Årets tema er «Aktiv kvardag». For mange blilr ein stor del av dagen brukt til stillesitjing. Barn og unge bør vere aktive minst 60 minutt kvar dag. For vaksne så er anbefalingane 30 minutt moderat aktivitet, gjerne i bolkar.

Verdas aktivitetsdag, eller «Move for Health Day» som dagen heiter internasjonalt, blir markert i samband med 10. mai kvart år. Gro Harlem Brundtland, tidlegere leiar for Verdens helseorganisasjon (WHO), etablerte Verdas aktivitetsdag i 2003.

Fysisk aktivitet gir glede og overskot og stor helsegevinst heilt gratis!

Les meir om verdas aktivitetsdag på Helsedirektoratet sine sider.