Nyheitsarkiv

Viltpåkøyrsler kan reduserast – ver merksam på fylgjande:

  • La GPS og mobiltelefon kvile medan du køyrer.
  • Sveip med blikket slik at du får med deg eventuelle rørsler i vegkanten og refleksjon frå dyreauge. Ver på vakt når det er  mykje viltspor i vegkanten.
  • Vilt er generelt meir på vandring i skumringstimane morgon og ettermiddag, og meir på natta enn om dagen.
  • Hjortevilt kan samle seg i flokk om vinteren. Ser du eitt dyr, brems ned og ver merksam på at det kan komme fleire.
  • Vær budd på at dyret kan byrje å springe framfor bilen, spesielt ved høge brøytekantar. Senk farten og ikkje stress dyret unødig, men pass på trafikk bak deg.
  • Prøv å varsle andre bilar dersom du ser dyr i eller langs vegen.
  • Sørg for rett justerte lys på bilen og ikkje ver ein «einaug banditt».
  • Hald avstand til bilen framfor.
  • Dersom samanstøyt verkar umogeleg å unngå – sikt bak dyret og brems ned så mykje du kan.
  • NB ! Om du køyrer på eit dyr som blir skadd, er det viktig å kontakte politiet på tlf 02800. Dei vil igjen ta kontakt med kommunen eller den lokale viltnemnda som har ansvar for søk  og avliving av skadde dyr. Hugs å merke staden for påkøyrsla tydeleg, med t.d. viltband eller plastpose på eit tre langs vegen.

Norddal kommune – viltforvaltninga