Framside
Ferja

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte 06.03.19 å innføre ordning med fortrinnsrett for innbyggjarar som pendlar, og bedrifter i Norddal kommune som reiser regelmessig med ferja Eidsdal - Linge.

Kvar onsdag inviterer frivilligsentralen til frukosttreff. I juni var dei invitert heim til Nikka i Myra. NRK var også til stades.

Tafjord Friluftsbad

Tafjord friluftsbad har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader. Her er også plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Der er garderobar med dusjar og omkledningsrom. Kiosk med sal av enkle kioskvarer. Anlegget ligg idyllisk ved fjorden.
 

No er Stikk UT!-sesongen i gang! I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Norddal kommune yter kulturmidlar til drift av frivillige lag og organisasjonar som driv kulturaktivitetar, samt tilskot til forsamlingshus. Søknadsfrist er 1. april. Vi oppmodar alle om å sende søknaden elektronisk til Norddal kommune.  Alle lag må oppgje organisasjonsnummer.

Mange innbyggjarar har enno ikkje tatt i bruk digital postkasse. Vi ønskjer å informere om tilbodet slik at fleire kan ta imot digital post frå kommunen.

Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15.mars, med telledato 1.mars. Ved del 1 kan husdyrprodusentar levere søknad.
 

Astor Furseth held foto-kåseri på biblioteket i Valdlal tirsdag 5. mars kl 18.30

No er vinteren her og i Norddal har vi i år tre StikkUT! - turmål på ski. Vi oppfordrar alle til å finne fram skia og gå seg ein tur. StikkUT! ski -postane finn du på Rellingsetra, i lysløypa på Løvoll og i lysløypa på Omenås. Elles er det ein post på Haugsetsetra i Geiranger og to postar i Øvre Stordal. Sjå meir informasjon på Stikkut.no

Seks utmarkskommunar i Møre og Romsdal arrangerer regional konferanse med hovudfokus på jerv måndag 14. januar kl. 1030 - 1500 på Martin Linge-huset i Valldal.