Framside

Bli med på Stikk UT!

Klikk for stort bilete No er Stikk UT!-sesongen i gang! I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i 2018.
I år håper vi at endå fleire blir med! 25. mai 2019 passerte StikkUT! 14 000 deltakarar og heile 100 000 registreringar! Bli med du også!

Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt.

Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.

For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.

Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske. du kan også hente kartbrosjyre på servicetorget eller på biblioteket. Stikk ut ein tur då vel!!

Klikk på knappen nedanfor for å kome til StikkUT!-sida.

Stikk UT!

Norddal har desse StikkUT!-turmåla i 2019: 

  1. Bakkegjerdet frå Eidsdal skule, Eidsdal
  2. Bedringens veg, frå Sylte, sentrum, Valldal
  3. Eggjevatnet frå Hauge, Fjørå 
  4. Gamlevegen frå Alstad til Grønning, frå Gudbrandsjuvet, Valldal
  5. Illstigvatnet i Storkaldhusdalen, frå Kaldhussætra, Tafjord
  6. Kilstiheia frå Kilsti, Eidsdal
  7. Kjellsura i Dale, Norddal 
  8. Middagshesten, frå Rellingsætra, Norddal
  9. Nedre Vassdalsvatnet, frå Herdalen, Norddal
  10. Omnossætra, frå Valldal stadion, Valldal 
  11. Solskaret, frå Eide, Eidsdal
  12. Storsvingen i Tafjord
  13. Tjønnebu, frå Grønningsæter, Valldal
  14. Veibergsetra frå Løvoll, Eidsdal
  15. Yttlinakkane frå Hauge, Fjørå

Vi ønskjer dykk ein god, ny tursesong!

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete