Framside

Eigenberedskapsveka 2019

Klikk for stort bilete Har du alt du treng til å klare deg sjølv i tre døgn om vatn og straum plutseleg blir vekk?

Måndag 28. oktober startar ei landsdekkande veke med fokus på eigenberedskap. Målet er å auke kunnskapen om eigenberedskap slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

Det har tidlegare vore delt ut brosjyrer til alle husstandane i kommunen. Treng du ei ny, så kan du stikke innom biblioteket i Valldal, eller ringe 70 25 88 80 så sender vi til deg.

Kvifor eigenberedskapsveke no?

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremver er blant dei viktigate årsakene. Ekstremver kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som t.d. straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bor i Norge - som er blant dei tryggaste og meste stabile landa i verda - vant til at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at vårt daglege liv skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av Norge sin beredskap

Sjølv om vi lever i eit trygt land kan uønska hendingar oppstå. Det har vi i minne frå Dagmar og andre hendingar med ekstremver. Viss fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjøv og dei rundt oss vei ei hending, kan hjelpa settast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av Norge sin beredskap.

Her kan du lese meir om eigenberedskap

På DSB sine sider finn du forslag til øvingar i heimen.