Framside

Frå måndag er det muleg å førehandsrøyste

Klikk for stort bilete Førehandsrøyster for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 vert tatt imot ved servicetorget i rådhuset i Valldal og ved servicekontoret i kommunehuset i Stordal frå kl. 09.00-15.00, i perioden 12. august t.o.m 6. september 2019.

Det vert også førehandsrøysting laurdag den 31.08.19 ved omsorgsbustaden i Eidsdal frå kl. 11.00-13.00, på servicetorget i Valldal frå kl. 14.00-16.00 og ved servicekontoret i Stordal frå kl. 14.00-16.00.  

Er du forhindra frå å røyste på valdagen eller førehandsrøyste, kan du søkje om å få avlegge tidlegrøyst frå 1. juli – 12. august.

Dersom du ønskjer å førehandsrøyste bør du ta med deg valkort. Husk legitimasjon!

Du finn meir informasjon om valet på Fjord kommune sine nettsider.