Framside

Søknad om barnehage og SFO og innskriving 1. klasse

Det er no tid for å søkje opptak, og det skal vere innskriving for nye 1. klassingar. 

Innskriving til 1. klasse

Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Barn som er fødde i 2013 skal ta til i 1. klasse hausten 2019. Barn som er fødde i 2013 og er registrert i Folkeregisteret for Norddal kommune, vil få invitasjon frå skulane. Norddal kommune må få beskjed om ein er usikker på om barnet står oppført i registeret.

 

 

Søknad om barnehageplass

I Norddal kommune er det 2 kommunale barnehagar, Dalsbygda barnehage og Syltebøen barnehage. Søknadsfristen for barnehageplass frå august 2019 er 1. mars. Dette gjeld hovudopptak til nytt barnehageår. Alle som ønskjer plass, eller ønskjer å endre tildelt plass, må søkje innan fristen. Elektronisk søknadsskjema finn ein på Norddal kommune si heimeside.

 

Søknad om plass i SFO

Både Valldal skule og Eidsdal skule gir tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar i 1.-4. klasse, og til elevar med særskilte behov i 1.-7- klasse.

Elektronisk søknadsskjema finn ein på Norddal kommune si heimeside. Søknadsfristen er 1. mars 2019. Tildelt plass gjeld for eit skuleår av gongen, slik at det må søkjast på nytt kvart år.