Framside

StikkUT! ski

No er vinteren her og i Norddal har vi i år tre StikkUT! - turmål på ski. Vi oppfordrar alle til å finne fram skia og gå seg ein tur. StikkUT! ski -postane finn du på Rellingsetra, i lysløypa på Løvoll og i lysløypa på Omenås. Elles er det ein post på Haugsetsetra i Geiranger og to postar i Øvre Stordal. Sjå meir informasjon på Stikkut.no

På Stikkut.no finn du oversikt over årets Stikk UT! Ski-turmål. Og i løyper.net- kartet kan ein følgje med på når det sist blei trakka i dei ulike løypene.

Denne vinteren er det 92 turmål i 21 kommunar i Møre og Romsdal; 
Fræna, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Lesja (Oppland), Midsund, Molde Nesset, Norddal, Rauma, Skodje, Stordal, Stranda, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Til saman utgjer alle desse løypene godt over 500 km med oppkøyrte spor.

Nyt vinteren mens vi har den, god tur!

Merk! Det er omlag 20 turmål som ikkje har opna endå, desse er merka med forventa opningsdato i turlista under Finn turmål på nettsida til StikkUT!

Det er Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som står bak StikkUT!
StikkUT! Ski blir arrangert i samarbeid med Møre og Romsdal skikrets og dei lokale skiklubbane.