Framside

Vekas tur på Linge

Klikk for stort bilete Torsdag 16. mai er det vekas tur att. denne gongen ein rundtur mellom frukttre på Linge. Bli med på tur og nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!

Torsdag 16. mai er det vekas tur att. Oppmøte og parkering ved fruktlageret ved hovudvegen ytst på Lingegardane kl 1800.

Turen denne veka går mellom frukttre, først oppover og så innover langs fjorden, ovanfor gardane på Linge. Fin utsikt til fjorden og kanskje er det att litt fruktblomstring. Vi går forbi det særmerkte atelieret på Hansplassen på Lingebakken og vidare på traktorveg og rås. Vegen attende går gjennom Lingegardane. Turleiar vil fortelje om stadane. Linge ligg sørvendt og lunt til, og er den nordlegaste staden i Europa der det blir frukt og bær for sal. Her er det også valnøtt- og aprikostre. Linge er også kjent som heimstaden til Kaptein Martin Linge, og støtta til minne om han ligg langs vegen.

Turen tek 1-2 timar. Turleiar er Valldal Bygdekvinnelag/Solveig Linge Stakkestad.

Vel møtt på tur! Nytt høvet til å bli betre kjent i bygdene i Fjord!

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

 

 

Bilde frå turen til Løsetnakken 9. mai.

 

Det blir vekas tur til ulike turmål i Fjord kommune kvar torsdag og nokre måndagar i mai, juni og august.

 

Alle er velkomne til å delta!

 

Program framover:

Torsdag 23. mai går turen til Vardefjellet i Valldal.

Måndag 27. mai: Kjellsura i Norddal

Torsdag 30. mai: Ruggå frå Hauge, Fjørå

Måndag 3. juni: Bygdevandring på Dyrkorn

Torsdag 6. juni: Vikasætra i Fjørå