Framside

Vi går mot Fjord kommune!

Klikk for stort bileteBli med på fellestur! NB! Ny dato! Søndag 22. september er du invitert på fjelltur frå Langsetrane i Stordal til Valldalssetra i Valldal.

NB! På grunn av dårlege vermeldingar for laurdag 14. september er turen utsett til søndag 22. september.

 

Søndag 22. september markerer vi overgangen til Fjord kommune med å vandre frå Stordal kommune til Norddal kommune.

Oppmøte på parkeringsplassen ved Kvitlebrua på Langsetrane ved Overøye kl 10.00. Turen tek om lag 6 timar og vi tek pausar undervegs. Vi går i roleg tempo og turen høver for alle som likar å gå i fjellet.

Dette er ein fin tur med stort sett slake stigningar. Høgaste punktet er på Storreset på Valldalssida, 900 moh. På vegen går vi innom StikkUT-postane Øyna Rundt og Storvasshytta. Kommunegrensa mellom Stordal, Norddal og Rauma går langs Storvatnet. Turen startar i eit setremiljø på Langsetrane, vi går forbi setra i Espedalen og endar i eit setremiljø på Valldalssetra.

Det blir organisert gratis skyss frå Valldalssetra og tilbake til startpunktet for å hente bilane.
Turleiarar er Eva Hove og Per Magnus Berdal - røynde kjentfolk og fjellfolk frå kvar si kommune.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med!

Vi håper på stort oppmøte frå begge kommunane!

Har du spørsmål, ta kontakt med turleiarane eller folkehelsekoordinator (tlf 45225738).