Nede i bygda finn du:
Kyrkje – Petrines Gjestgiveri (som er kjend for sine lokale spesialitetar), butikk (Storås Handel), barnehage, bilverkstad – sagbruk. Bygdekinoen vitjar oss ein gong kvar månad. Norddal Idrettslag driv med mange aktivitetar: Ski (Skianlegg på Lilleåsen 6 km frå sentrum – 450 meter langt skitrekk, fin varmestove/hytte, oppkøyrde løyper og fint turterreng) Barne, herre og dametrim. Fotball (saman med Eidsdal).
Midtsommardagar i Norddal
Konsert med kjente aktørar, handverksmarknad, barneteater og løedans Norddal er ein dal omgitt av høge og flotte fjell.
Norsk Seterkultur
Herdalssetra er ei levande seter med sommardrift med ca. 400 geiter. Her er også tilbod for overnatting i sel på ein primitiv måte. Eit perfekt utgangspunkt for dei som likar seg i fjellet. Rellingsetra og Innsetsetra er mindre kjende setrar, men ikkje mindre vakre av den grunn. På Rellingsetra har Norddal Idrettslag ei flott hytte som som kan nyttast av alle. (Ta kontakt med Jon Kåre på buda.)