Produksjonstilskot i jordbruket

Kyr på ferie - Klikk for stort bilete  Søknadsfristen for produksjonstilskot i jordbruket er 20.januar. Søknaden skal sendast via Altinn. Søknaden kan sendast inn frå 1.januar. 
Lever søknaden i god tid før fristen er ute og ta kontakt om du lurer.

Geit - Klikk for stort bilete På nettsida www.landbruksdirektoratet.no, under menypunktet
Produksjon og marked/Produksjonstilskot/Aktuell søknadsomgang finn du følgjande informasjon:

  • Lenkje til elektronisk  søknad
  • Rettleiingshefte
  • Jordbruksavtale 2016-2017
  • Aktuelle forskrifter
  • Altuelle rundskriv

 

Søknadsomgangen i jaunar omfattar desse tilskotsordningane: 

- Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
- Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker
- Distriktstilskot til matpotetproduksjon i Nord-Norge
- Tilskot til husdyr
- Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
- Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
- Driftstilskot til mjølkeproduksjon
- Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon

Dette er siste gong du søkjer i gammalt system, frå mai 2017 blir det nye søknadsfristar.Det er mogleg å søkje frå 1.mai. Det blir ikkje lenger mogleg å søkje på papir og søknadsfristen blir absolutt.

Les meir om endringane på heimesida til Landbruksdirektoratet

 

Sist endra 25.01.2017