Vekas tur til Laupen

Laupen - utsiktspunktet.JPG - Klikk for stort bileteLaupen - utsiktspunktet.JPG Monika Aarset

Måndag 27. juni er du invitert til ein fin tur til utsiktspunktet og Stiikk UT-turmålet Laupen i øvre Eidsdal. Oppmøte ved Eidsvatnet kl 1800. Laupen er også eit Stikk UT-turmål. Bli med!

 

Birk på veg til Laupen.JPG - Klikk for stort bileteBirk på veg til Laupen.JPG Monika Aarset

Oppmøte på parkerings- og rasteplassen ved nordenden av Eidsvatnet, om lag 10 km frå ferjekaia i Eidsdal. Turen startar her ved vatnet (425 moh.). Vi følgjer hovudsakleg sti i skogen og i skogkanten. Fremst på Haugane (mot Eide) er det rydda to utkikkspunkt og sett ut kvilebenkar, og her har du vakkert utsyn over kulturlandskapet i øvre Eidsdal. Stikk UT-posten er på Laupen (631 moh.), som er høgste punktet på Haugane. Her ligg også Eidsdal IL si lysløype, som er mykje brukt vinterstid. På Laupen blir det ein rast – med fin utsikt over store delar av Eidsdal og heilt til fjorden og bygdene på nordsida.

Turen er også skilta som Folkesti, i regi av Nasjonalforeninga for folkehelsa. Ved Laupen finst det ei gamme som er eigd av Eidsdal IL.  Alle som ynskjer er velkomne til å bruke henne, også til å overnatte. Ein ryddar etter seg sjølv og tek med søppel heim.

Ferje frå Linge kl 1740. Turen tek om lag to timar. Turleiar er Monika Aarset (92499455).

Vel møtt på tur!

Torsdag 30. juni går turen til Storkaldhusdalen i Tafjord, og torsdag 7. juli til Hjellen, setra for fjordgarden Ospahjellen. Så tek vekas tur sommarpause fram til 11. august.

Oversikt vekas tur 2016 (PDF, 151 kB)

Stikk UT! 2016

 

Sist endra 28.06.2016