Breibandsutbygging i Norddal kommune - høyring

Data - Klikk for stort bilete Det er klart for ein ny runde med tilskot til breibandsutbygging i kommunar som har dårleg breibandsdekning. Eitt av krava for å kunne søkje støtte frå ordninga er at utbyggingsplanane skal vere ute til høyring. Alle innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter blir med dette inviterte til å kome med innspel til utbygging av breiband i Norddal kommune. Send innspel til post@norddal.kommune.no  innan 5.april 2017.

 

Breibandsutbygging   i Norddal – høyring 2017

Det er sett av 140 millionar i Statsbudsjettet i tilskotsordninga for breibandsutbygging gjennom Nasjonale kommunikasjonsmyndigheter (NKOM). Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar kommunane til å benytte seg av ordninga, og eit av krava for å kunne søkje støtte, er at utbyggingsplanane skal vere ute til høyring.

Alle innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter blir med dette inviterte til å kome med innspel til utbygging av breiband i Norddal kommune innan 05.april 2017.

Norddal kommune har som intensjon å søkje midlar frå denne støtteordninga til å byggje ut og styrkje breibandet i områda som etter dekningskart og kommunens eigne undersøkingar har inga eller lite tilfredsstillande breibandsdekning i dag. Målet er at alle innbyggjarar og verksemder i kommunen skal få eit godt og framtidsretta breibandstilbod.

Plan for utbygging av eit framtidsretta breibandsnettet i Norddal kommune er utarbeidd av ei nemnd samansett av fire politisk valde medlemmar og ein frå administrasjonen. Prioriteringne viser vidare utbygging i denne rekkefylgje;

Hol-Grønningsæter, Vika, Ruset og Ytterli.

Eidsvatnet-Kleiva-Løvoll- Årset og Indreeide.

Valldal, frå Øygarden, Muri og fram itlog med Valldalen

Muribøen-Berdal-Jamtegarden

Kommunen planlegg  no å søke om støtte til utbygging av området frå Hol og til Grønningsæter.

Kriteria for å få støtte er:

- området manglar eit grunnleggande breibandstilbod

- området har grunnleggande tilbod, men utan tilbod om høghastigheitsbreiband (< 30 Mbit/s)

– kostnadseffektiv nettutbygging

– lokal medfinansiering, gjerne i form av dugnadstimar

– plan for berekraftig drift etter at utbygginga er gjennomført

– betydning for lokal samfunnsutvikling og verdiskaping

Fristen for innspel er 5.april  2017. Send innspel til post@norddal.kommune.no. Merk innspela med "Breibandsutbygging".

Kontaktperson:  Hilde Dyrkorn , telefon 70 25 88 62

Meir informasjon om statleg støtte til breibandsutbygging kan du finne på heimesida til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom),

http://www.nkom.no/teknisk/bredb%C3%A5nd/utbygging/om-breibandsst%C3%B8nadsordninga

Sist endra 28.02.2017