Frisklivstilbod - noko for deg?

IMG_3715.JPG - Klikk for stort bilete

Frisklivssentralen er eit helsetilbod som gir hjelp og motivasjon til å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Nye kurs startar hausten 2017. Ta kontakt.

salatlunsj2.JPG - Klikk for stort bilete

For kven?

Frisklivssentralen er eit tilbod spesielt eigna for deg som er i alderen 18-67 år og som har, eller har risiko for, å utvikle livstilssjukdom. Døme på dette er overvekt, metabolsk syndrom, diabetes type 2, hjarte- og karsjukdom, KOLS og psykiske plager. Du treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å ta kontakt med frisklivssentralen, men du må ha ein frisklivsresept.
 

Frisklivstilbodet gjeld innbyggjarar i Norddal kommune.

 

Turskilt - Klikk for stort bilete Kvar kan du få frisklivsresept?

Tilvising til frisklivssentralen kan du få hos lege, anna helsepersonell (fysioterapeut, psykisk helsearbeidar) eller NAV. Frisklivssentralen kan også skrive ut resept om du tek direkte kontakt.
 

Kva skjer når du har fått resept?

Helsesamtale 1: Vi ser på no-situasjonen, set opp konkrete frisklivsmål og lagar ein plan for perioden. Helsesamtale 2: Etter 16 veker tek vi ein ny samtale der vi oppsummerer reseptperioden og legg ein plan som du kan følgje vidare på eiga hand.
 

Kva?

Frisklivssentralen har eit basistilbod:

  • To individuelle helsesamtalar
  • 16 veker aktiv oppfølgjing
  • Fysisk aktivitet ute og inne i gruppe (vekeplan)
  • Ulike fysiske testar og mål
  • Bra Mat for betre helse – kurs.
  • Røykeslutt – kurs og individuell rettleiing
     

Basistilbodet har ein eigenandel på kr 300.

Kurs kjem i tillegg.

IMG_3210.JPG - Klikk for stort bilete I frisklivssentralen får du hjelp til å finne eigen motivasjon til varig endring og støtte til å gå vidare på eiga hand. Etterpå kan du nytte deg av andre tilbod i lokalmiljøet for å halde fram med sunne levevanar.

Informasjon om frisklivssentralen (PDF, 326 kB)

 

Kontaktinformasjon:

Frisklivssentralen i Norddal

Storfjord Helsesenter, Valldal

Telefon: 70258900 (legekontoret)

Frisklivsrettleiar: ergoterapeut Susanne Nakken Olsen,  tlf 97159268
 

Du kan også kontakte folkehelsekoordinator, tlf 70258800

E-post: frisklivssentralen@norddal.kommune.no

 

 Ein ny rapport frå helsedirektoratet viser at frisklivssentralar er ei effektiv og billig helsesteneste (februar 2016).

 

psykisk helse001.JPG - Klikk for stort bilete

Sist endra 05.10.2017