Invitasjon til inspirasjonskveld for Valldalsleia

Oversiktsbilde mot Valldal - Klikk for stort bilete

Norddal kommune fått midlar frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune til eit forprosjekt for utvikling og verdiskaping langs Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Vi ynskjer med dette å invitere bygdefolk og alle andre interesserte til ein inspirasjonskveld på Martin Linge-huset tysdag 22. mai kl 18 - 21, for å få meir kunnskap om kva pilegrimsleia er – for kven – og korleis den kan utviklast.

 

Pilegrimsleden - Klikk for stort bilete

 Program for kvelden:

 

Kl 1800                 Velkomen v/ordførar og konferansier for kvelden, Arne Sandnes

Kl 1815                 Valldalsleia – verdiar og mulegheiter v/Nils Øveraas, generalsekretær i Den Norske Turistforening

Kl 1845                 Pilegrimen i dag og Olav som helgen for fleire religionar v/Ingeborg Midttømme, biskop i Møre og Romsdal bispedømme

Kl 1915                 Jordbærstova serverer pilegrimsknoke med ovnsbakte rotgrønsaker og heimelaga potetmos av Valldalspotet. Det blir jordbærkake til dessert.

Kl 2000                 Myteknusing om Heilag Olav v/Morten Gravdal, sokneprest i Norddal

Kl 2015                 Presentasjon av Valldalsleia v/Hans-Jacob Dahl frå Pilegrimssenter Dovrefjell og representant for Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim.

Kl 2100                 Vel heim!

 

Gratis deltaking! Påmelding til terese@fjordhagen.com eller sms til 92805659 innan fredag 18.mai på grunn av matservering.

Sist endra 14.05.2018