Namnekonkurranse - Kva skal den nye kommunen heite?

Fjorden - Klikk for stort bilete Kommunestyra i Norddal og Stordal har vedteke at desse to kommunane skal bli ein ny kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen skal få eit fint namn, og dei som har lyst til å delta i prosessen med å finne eit godt namn til kommunen blir invitert til å sende inn forslag. Fellesnemnda vil legge fram innstilling overfor eit felles kommunestyre som skal gjere vedtak i saka hausten 2017. Send namneforslag til post@norddal.kommune.no eller Norddal kommune, postboks 144, 6211 Valldal innan 20.juni 2017. Fullstendig utlysingstekst for namnekonkurransen (PDF, 703 kB).

Sist endra 18.05.2017