Om Norddal kommune

Utsikt frå Eidsheia - Klikk for stort bileteUtsikt frå Eidsheia Monika Aarset Norddal kommune ligg på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen består av fem bygder rundt Norddalsfjorden – Eidsdal , Norddal , Tafjord, Fjørå og Valldal .

Skiløype Løvoll - Klikk for stort bileteSkiløype Løvoll Merete L. Rønneberg Herdalen - Klikk for stort bileteHerdalen Storfjordnytt Utsikt frå Vikasetra - Klikk for stort bileteUtsikt frå Vikasetra Magne Krogh Gudbrandsjuvet - Kransen - Klikk for stort bileteGudbrandsjuvet - Kransen Lars Grønningsæter Kommunesenteret ligg i Valldal, og i heile kommunen er det knappe 1700 innbyggjarar. Vill og vakker natur, godt klima og gode tilhøve for friluftsliv er nokre av våre fremste varemerke. Norddal¨ligg mellom to av dei store fyrtårna i norsk reiseliv – Geirangerfjorden og Trollstigen. Nasjonal Turistveg går gjennom kommunen, og på denne strekninga er det fleire fine stoppunkt. Om lag 500.000 turistar passerer her årleg. I sommarhalvåret aukar folketalet på grunn av mange campingvogner og hytter, i tillegg til utanlandske sesongarbeidarar som kjem hovudsakleg for å plukke jordbær og frukt. Norddal er verdsarvkommune, nasjonalparkkommune og har fleire landskapsvernområde. Kommunen er den femte største i fylket med sine 941 km2. Det er vel ein times køyretid til Ålesund.

 

Ein kommune for alle

Norddal kommune skal vere ein god stad å leve for alle. Det tyder høg kvalitet på tenester som vert ytt. Kommunen har god barnehagedekning, og fine skular som innbyr til positiv læring. Kulturskulen er svært populær, og ein kan velje mellom ei rekkje aktivitetar. Kommunen ønskjer aktive bygdelag der folk bur, og har difor eit desentralisert tenestetilbod.

 

Natur – Kultur – Helse

Tanken er gjennom natur- og kulturaktivitetar å skape miljø som er samansette, inkluderande og uformelle. Kraftsenteret er både ein frivilligsentral og ein nærmiljøsentral, med ulike tilbod til innbyggjarane i kommunen. God helse er ei kjelde til godt liv. Kommunen satsar difor på folkehelse og velvære, mellom anna gjennom God Helse-programmet til Møre og Romsdal fylke. Det er alltid noko å fylle fritida si med i Norddal. Vi er stolte av å ha engasjerte og dyktige menneske som gjennom ulike lag og organisasjonar er med og skaper eit rikt kulturliv heile året. Her er eit yrande folkeliv om sommaren, og fleire større arrangement. Det finst gode idrettsanlegg i alle bygdelag.

Kommunen satsar aktivt på ungdomsarbeid, og det finst fleire ulike møteplassar for denne gruppa. Vi har gode tilhøve for fiske, fjellturar, klatring, rafting, padling, terrengsykling, ski og mykje meir. Tafjordfjella er eit godt tilrettelagt turområde med merka stiar, betente og ubetente hytter (Den Norske Turistforening). Her ligg den høgste fjell-toppen vår, Pyttegga (1999 moh).

Kvar bygd har sitt særpreg, og samla utgjer dei eit mangfald både innanfor kultur, næring og opplevingar.

Sist endra 27.08.2014