Velkomen på besøk

Utsyn frå Blåhornet mot Valldal - Klikk for stort bilete Norddal kommune er eit eldorado for alle som er glade i natur og friluftsliv. Godt klima og stabilt ver gjer at mange vel å opphalde seg her store delar av sommarhalvåret. 

Tafjord er eit av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella. Her har Ålesund og omland turistforening ei rekke hytter - både bemanna og ubemanna.  

 

Det er samla mykje informasjon på Turistinformasjonen sine sider.

 

Kommunen er ein del av Geirangerfjorden verdsarv - Noregs einaste naturvernområde. I bygda Norddal kan du senke skuldrane, og nyte alt naturen kan by på.

 

Vil du ha spennande opplevingar er Valldal Naturopplevingar og Valldal aktivitetspark spennande alternativ.

Sist endra 15.07.2015